Start
|
Les dette før du går igong.. Slik lagar du di eiga fotobok Vår fotobok-designar er 100% online. Dette betyr at du slepp å laste ned og installere eit eige program på din eigen pc. Du kan dermed lage di fotobok hos oss uavhengig av om du sit på MAC eller PC. Vi brukar det nyaste innan datateknologi, du bør derfor ha ein ny nettlesar som f.eks Microsoft Internett Explorer 7.0 eller Firefox 2.0 for å få fullt utbytte av vår fotobokdesignar. Eldre versjonar samt Safari for MAC kan lage feil som resulterar i tekst og bildeforskyvningsfeil. Når du lagar ei fotobok kan du lagre denne som et eige prosjekt. Du kan kor tid som helst lagre prosjektet for å fullføre det seinare. I og med at du brukar bilde frå din eigen fotokonto bør du starte med å organisere bilda på di datamaskin som du ynskjer å bruke i fotoboka. Overfør dei deretter til din private fotokonto. Ver merksam på at å overføre mange bilde via ei standard ADSL-linje tar tid. Vi vil gjere forbedringar og vidareutvikling av fotobokdesignaren fortløpande. Vi kjem med mange nye spennande funksjonar samt nye designmoglegheiter fortløpande, så følg med!Har du tilbakemeldingar eller tips på korleis produktet kan bli enda bedre, ynskjer vi desse velkomen, send oss ein epost til: post@eurofoto.no. Kom igang på 1-2-3 1. Logg deg inn på din fotokonto 2. Overfør bilda du ynskjer å bruke til eit online album 3. Trykk på 'Lag Fotobok' i menyen eller på 'Mi side' 4. Velg format, omslag og design di eiga unike fotobok |
|||||||||
Eurofoto AS, Reed. N-6827 Breim, Tlf: 57883500 Epost: post@eurofoto.no Copyright 1999-2010 Eurofoto AS. All Rights Reserved.
|
||||||||||