Min side Kontakt Kundeservice
 
FOTOALBUM
Email address:
Password:
New user
Sign in
Hjelpseksjon

I denne seksjonen finn du hjelp hovedsakleg til det som har med fototenesta å gjere. Står du framleis fast etter å ha lest om problemet ditt, kan du ringe oss på 57 88 35 00 (m-f 08-16).

Treng du hjelp til andre ting som kamera, PC eller biletehandsaming, anbefalar vi at du går til leverandøren si heimeside..

Problem med registrering av ny brukar
Dei fleste som opplev problem med å registrera ein ny brukar er faktisk ofte registrert frå før. Du kan då enten prøve å logge på tenesta eller be om eit nytt passord som du vil få tilsendt pr. epost.
Nytt passord får du her.
Har du bytta epostadresse og dermed ikkje har moglegheit for å få tilsendt nytt passord, må du ta kontakt med oss.

For å kunne logge seg på tenesta, må nettlesaren ha støtte for informasjonskapslar (cookies) og scripting. Du kan enkelt løyse problemet ved å setje nettlesaren sine innstillingar tilbake til 'standard'. Dette gjer ein heilt oppe i nettlesarmenyen: Verktøy, Alternativ for Internett, Avansert. Trykk så på 'bruk standard' (rett over OK og Avbryt knappen).

Har du framleis problem, bør du kontakte oss på e-post eller telefon.

Overføring av bilete
Vi har fleire ulike metodar som kan nyttast for overføring av bilete frå di datamaskin til din online fotokonto. Grunnen til dette er at vi ynskjer å tilby tenesta uansett om du sit på en MAC eller PC, uavhengig av operativsystem og nettlesar.
Vi har laga ei samleside som forklarar litt om dei ulike metodane og kva problem som kan oppstå.

Du kan lese meir om overføring her

Informasjon om produksjon av bilete
Vi får ofte spørsmål om produksjonsmetodar, beskjæring, fargejustering etc av bilete som skal produserast på våre fotolabbar. Vi har derfor laga ei oversikt over den informasjonen som er relevant.
Les meir her

Problem med tinging gjennom gåve og korteditoren.
Dei mest vanlege feila oppstår når du ikkje er innlogga FØR du startar eller fordi nettlesaren din er ein eldre versjon. Skal du lage kalendar er det klart ein fordel at du overførar bileta dine til din fotokonto (online album) før du trykker på 'lag kalendar' i venstre menyfelt. Editoren blir i slike tilfelle meir stabil.
Sjekk også at du har versjon 6.0 av Internet Explorer. Dette finn du i menyen: Hjelp, Om IE.

Her kan du laste ned den nyaste versjonen av Windows Explorer.

Deling av bilete med vener
Som medlem av fototenesta har du ein unik sjanse til å dele dine bilete med vener og kjente. Du kan velge ulike delingsnivå som passar ditt behov.

Her finn du ein oversikt over dei ulike nivåa.

Råd for redigering av bilete
Av og til vert ikkje bileta heilt som planlagt. Korleis var det slikt, og korleis kan det fiksast?
Les artikkel

Fototips
10 fototips for å ta betre bilete.
Les tips

Redd tapte bilder.
Har du vore uheldig og mista bilde frå minnekort eller harddisk er det muleg å hente fram disse. PC Inspector Smart Recovery er eit program som kan hente ut bilde og anna innhold frå ei rekke type minnebrikke som Flash Card, Smart Media, SONY Memory Stick, IBM Micro Drive, Multimedia Card og Secure Digital Card. Programmet klarar å hente ut innhold både som er overskreve og når brikka er formatert.
Du kan laste ned programmet gratis her.

Andre tema:

- Problem med brannvegg
- Problem med visning av album/bilete


Tenesta er primært laga for Microsoft Internett Explorer 6.0 då dei fleste av våre kundar brukar denne. Opplever du feil ved bruk av Firefox, Opera eller andre nettlesarar vil problemet løysast ved å bytte til MS Explorer i dei fleste tilfeller.

Storformat

Vi tilbyr printing av bilete på storformat plotter. Ikkje berre vanleg plakat,
men òg andre spennande strukturar.
Les meir her

Contact us  About Eurofoto  Products and prices  Help
Eurofoto AS, Reed. N-6827 Breim, Tlf: 57883500 Epost: post@eurofoto.no
Copyright 1999-2010 Eurofoto AS. All Rights Reserved.


Kvalitetsbilete
Sikker lagring